London maraton 13. april 2014

I dag er det 40 dagar til eg skal delta på London maraton. Eg skal reise med same gjengen som reiste til New York Maraton. Det blir flott å stå på startstreken saman med Mo Farah og Heile Gebrselassie. Nokon vil nok prøve seg på verdsrekorden på denne palmesøndagen i London, men det blir neppe noko rekordløp for meg.

Oppkjøring
Eg har ikkje fått forberede meg slik eg eigentleg ville. Mykje av årsaka ligg i ein sjukdomsperiode i uke 3 og 4. Etter influensaveka har eg ikkje blitt heilt frisk igjen og eg slit med å få nok kilometer i veka. Samtidig har eg slitt litt med akilles i venstre fot. Eg må nok justere målsetjinga mi etter gjennomført trening. Vekene etter sjukdomen har eg eit snitt mellom 4 og 5 mil i veka. Eg har planar om å auke mengda i 4 veker no, men alt avheng av korleis akilles reagerer på aukt treningsmengde. Det gjer allereie vondt i beina å sjå på dette biletet:
pace


Kor skal eg legge tempoet mitt?
På bakgrunn av tida 1.38 på halvmaraton 4. januar (Polar Night Half) meiner Macmillan Running Calculator eg bør satse på 3.26 og eit snitttempo på 4.53 pr. km. Eg har erfaring med at Macmillan ofte kjem med litt vel optimistiske utsegn når det gjeld den lengste distansen. Men det er jo noko å tenke på dei 40 dagane som gjenstår. Eg vil tru at eg skal vere fornøgd med ei tid under 3.40.

Løypa

I følge boka Verdens maratoner er det trangt i løypa, men løypa er lettløpt og har ein lav vanskeligheitsgrad (5/10) noko som er det same som New York. Løypa starter i Greenwich som ligg utanfor London.  Det er ca. 35 000 som deltek her kvart år.  Mange har nemnt at det er mykje fokus på Charity og utkledning og at det er ein fabelaktig atmosfære.  Det er verdt å nemne at få nordmenn deltek her.  I fjor var det visstnok berre 90 nordmenn.  Det er vanskeleg å få innpass via vanleg påmelding.  Vi deltek via Rogaland marathon Tour.  Vi kjem også til å samle inn til SOS barnebyar via sponsing.
London_Marathon_Route

Løpsfest

Det blir garantert ei stor oppleving å kjenne seg ein del av den store løpsfamilien igjen og gjenskape stemninga frå New York.  Det er også etappe 2 i det store målet med på fullføre dei seks store maratonane: World Marathon Majors.

The 32nd London Marathon

Dette innlegget ble publisert i Løpeblogg. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s